Doktorgradskandidat – framtidas forvaltning av sjøareala

Vil du bidra til framtidas forvaltning av sjøareala våre? Bli doktorgradskandidat hos oss i Møre og Romsdal fylkeskommune!

Er du nysgjerrig på fjordane og kystlinja vår, og har du lyst til å utvikle framtidas forvaltning av sjøområda i Møre og Romsdal? Vi har ei unik og spennande moglegheit for deg!

Vi søker 1 eller 2  doktorgradskandidatar som vil bli med oss å bygge ei heilskapleg og kunnskapsbasert forvaltning av sjøareala våre. I denne treårige prosjektstillinga får du sjansen til å spele ei nøkkelrolle i utviklinga av vårt marine kunnskapsprogram – eit tiårig program med mål om kunnskapsbasert planlegging og forvaltning av sjøområda i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal var pilotområde i den nasjonale satsinga “Marine grunnkart i kystsonen”. Marine grunnkart opnar heilt nye moglegheiter for planlegging og forvaltning av sjøområda – det er som å «slå på lyset under vatn».

Gjennom ditt arbeid vil du utvikle nye metodar for å kople ny kunnskap og digitale verktøy for å skape framtidas forvaltning.

Kva kan du forvente av oss?

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver: Du vil bli ein sentral del av vårt marine kunnskapsprogram og ha eit tett samarbeid med forskingsmiljø, offentlege aktørar og prosjektleiar for det marine programmet i fylkeskommunen.
  • Utvikling av eige forskingsprosjekt: Som doktorgradskandidat får du mellom anna moglegheit til å utarbeide innhaldet i prosjektet, og ansvar for å etablere samarbeid med ein gradgivande institusjon.
  • Kompetansebygging og nettverksbygging: Du blir del av eit nettverk av stipendiatar og sentrale aktørar innan forsking, næringsliv og offentleg sektor i Møre og Romsdal, noko som gir svært gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har

  • mastergrad innan relevante fagområde (planfag, geologi, biologi, IT eller liknande), men vi er opne for ulike bakgrunnar og motiverte kandidatar. Nyutdanna oppmodast om å søke.
  • gjerne erfaring frå prosess- eller prosjektarbeid
  • gode skriftlege og munnlege formidlingsevner på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

Vi søker etter deg som

  • er engasjert, nysgjerrig og motivert for å utvikle nye metodar og verktøy innan forvaltning og arealplanlegging i sjø i samarbeid med andre
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med eit auge for innovative løysingar som kan endre måten vi forvaltar kystområda på

Vi tilbyr

  • ei utfordrande og givande stilling i eit engasjert og sterkt fagmiljø, der kreativitet og initiativ blir verdsett
  • moglegheita til å arbeide med banebrytande prosjekt der ditt arbeid vil bidra til ei langsiktig, kunnskapsbasert forvaltning av sjøområda.
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale
  • ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen med kontorstad i Molde eller Ålesund.

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Annonser