GIS-dagen

GIS-dagen

Plan- og temadatautvalet består av representantar frå GeoForum, Fylkesmannen, fylkeskommunen, Statens Vegvesen, Molde kommune og Kartverket.

35 elevar frå Geofag deltok på arrangementet.  Som innleiing fekk dei ein gjennomgang av kva GIS/geomatikk er og kva utdannings- og yrkesmuligheiter som finst innan fagfeltet. Som døme på praktisk bruk av faget fekk vi deretter fleire spennande innlegg om GIS i kvardagen, om GIS i skredvarslingen og GIS i logistikk og norsk fiskproduksjon.

Elevane vart så sendt t ut i byen i 4 puljar for å spore opp utplasserte geo-cachepostar ved hjelp av nettbrett. Dei  gjennomførte sporing med nettbrett utan problem.

Siste del av dagen var på Molde brannstasjon der vi fekk den tradisjonelle GIS-day kaken og deretter en omvising på brannstasjonen. I dagens siste fordrag viste 110-sentralen i Ålesund korleis dei brukar GIS når dei administrer  meldingar om brann, redning og akutt forureining frå heile fylket.

Dagen avsluttar med ein online GIS-quiz med utgangspunkt i dagens foredrag og i ortofoto frå distriktet. Premiar sponsa av Geoforum Møre og Romsdal gav elevane ein ekstra motivasjon til innsats. Tilbakemeldingane frå skulen er positive, og dei ser gjerne at vi fortsetter med vår årevis tradisjon på dette arrangement.

Tekst og bilde Sven Michaelis

 

 

 

Annonser