Avdelingsleiar Geodata i Kinn kommune

Vi søker ein geodataleiar til å lede vårt team! Har du lyst å vidareutvikle vårt arbeid innan landmålingsfaget og geodata? Vi ser etter ein fagleg engasjert og strukturert leiar som vil spele ei nøkkelrolle i å sikre høg kvalitet på geodataavdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle geodatafaget i Kinn kommune.
  • Sikre korrekt og effektiv føring av matrikkelen.
  • Ansvar for planlegging og tilrettelegging av eigedomslandmåling.
  • Vere pådrivar for fagleg innovasjon og utvikling.
  • Kundebehandling og rettleiing.
  • Etablering, forvaltning og kvalitetsheving av geografisk informasjon(GIS).
  • Forvalte, drifte og vedlikehalde kartgrunnlaget til kommunen i samarbeid med geovekstpartane (SFKB).
  • Sikre registreringsrutiner i saksystem og databaser som bidrar til effektivisering og automatisering av oppgåver og tenester i framtida.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning: Relevant høgare utdanning innan GIS, geomatikk, landmåling eller liknande på høgskulenivå, helst master. Manglande formell utdanning kan kompenserast med lang dokumentert geodataerfaring.
  • Lang erfaring innan GIS, gjerne i ei leiarrolle.
  • Erfaring frå å leie fagteam.
  • Teknisk kompetanse: Må beherske GIS-programvarer og god digital kompetanse.
  • Kommunikasjon: Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Gode IT-kunnskaper.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Innovativ og teknologisk oppdatert.
  • Engasjerande og samlande.
  • Beslutningsdyktig, handlekraftig og løysningsorientert.
  • Høg arbeidskapasitet og likar å jobbe variert og på tvers av fagfelta i heile kommunen.
  • Bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Fagleg sterk.
  • Må ha sertifikat for bil.

Vi tilbyr

  • Ei sentral rolle i den digitale utviklinga i Kinn kommune.
  • Eit fagleg sterkt miljø og engasjerte medarbeidarar.
  • Løn og tilsetting på kommunale vilkår.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i offentleg pensjonsordning KLP.

Om arbeidsgiveren

I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.419 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget!

Annonser