Turistforeininga krev full «planvask» i norske kommunar
Tekst: Håvard Nyhus. NRK
Ein ny rapport frå DNT viser for første gong korleis framtidige byggjeplanar kræsjar med friluftslivet.
Oversikta viser at 40 prosent av planane ligg i definerte friluftsområde. Det svarar til eit areal som er fem gonger så stort som Oslo kommune.
– Dette er alarmerande, og heilt høl i hue, seier Inger Lise Blyverket, generalsekretær i DNT.
Ho viser til at ansvaret for områda er «fordelt på så mange hender at det i praksis er fullstendig pulverisert.»
– Naturkrisa kjem av tallause vedtak i stat og kommune om å byggja i verdifull natur, seier ho.
– Bit for bit erstattar vi hundremeterskogar med næringsbygg, fjellnatur med kraftverk og strandsona med privathytter.
I første omgang etterlyser Turistforeininga to konkrete tiltak:
1. Nasjonal arealnøytralitet innan 2030
2. Full planvask i kommunane for å ta betre vare på natur- og friluftsliv
Les mer på NRK.no






