Laster Arrangementer

« All Events

Fagdag DOK, plandata og beredskap – GEOklar!

november 26 kl. 09:00 - 15:00

Arrangør: GeoForum Hordaland

Kartverket, Statsforvaltaren i Vestland og Geoforum Hordaland, inviterer til endå ein spennande fagdag på Opus XIV med fokus på det offentlege kartgrunnlaget (DOK), plandata og bruk i beredskap.

Få med deg korleis DOK og plandata kan gje betre grunnlag for avgjerder i krevjande situasjonar på ein fagdag med døme frå beredskap og krisehandtering.

Samværet gjev høve til å få praktiske erfaringar og diskusjonar med fagfolk og brukarar av DOK.

Fagdagen er ein del av GEOklar-satsinga – med mål om å styrkje samarbeidet mellom geomatikk (Kart og geografiske informasjonssystem) og samfunnstryggleik; gjere oss betre budde til å møte små og store utfordringar.

Dette er dagen for deg som jobbar med kart, plan, beredskap ,– eller som berre likar å vite kvar ting er når det verkeleg gjeld!

Som før held me til på hotell Opus XVI i Bergen, julepynta til 26. november 2025.

 

Påmelding kommer.

Annonser