Laster Arrangementer

« All Events

Fagdag om Det offentlege kartgrunnlaget (DOK), Plandata og samfunnstryggleik.

november 25 kl. 09:00 - 15:00

Arrangør:

For femte gong arrangerer Statsforvalatren i Vestland, Kartverket Vestland og GeoForum Hordaland ein fagdag om Det offentlege kartgrunnlaget (DOK), Plandata og samfunnstryggleik. Som før er det eit julepynta Opus XVI som tek imot oss. Du kjem vel?

 Påmelding

God samfunnsplanlegging er òg god beredskap. Vil du vera med å byggja beredskapskassen?

Har kommunen dei rette data når samfunnet skal byggjast eller når krisa oppstår?

Og endå viktigare: Har kommunen kompetansen til å bruke dei?

 

Plandata, Det offentlege kartgrunnlaget (DOK) og lokale geodata er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for samfunnsplanlegging, beredskap og handtering av kriser.

Vi må vite kva data vi treng, kvar dei finst, kva dei fortel oss – og korleis vi skal bruke dei når dei vanlege løysingane ikkje er tilgjengelege.

 

På Fagdagen på Opus XVI fyller vi den geografiske beredskapskassa til kommunen med både data og kunnskap.

Me samlar folk frå samfunnsplanlegging, beredskap, geodata og andre kommunale fagmiljø. Me delar erfaringar og byggjer kompetanse på tvers – før me står i ein situasjon der vi er avhengige av alt dette. For den viktigaste ressursen i beredskapskassa er ikkje ein harddisk, programvarer, teknologi … 

Det er deg, folk som kjenner kommunen, kjenner data og veit korleis data skal brukast.

God samfunnsplanlegging byggjer beredskap.

  • Data kan lagrast.
  • System kan sikrast.
  • Kompetansen må byggjast – før krisa kjem.

 

På Fagdagen for Plan- og temadata får du enno eit påfyll. Sa eg at dette er 5. gongen me vert samla framom juletreet på Opus XVI? Kom du og.

Hald av dagen, 25. november. 

 

Medlemsfordel – dobbel gevinst

Geoforum set stor pris på alle som personleg medlem. Difor vil fagdagen i år som i fjor vera heilt GRATIS for alle personlege medlem – me sponsar heile dagen inkludert ein betre torettar lunsj. Meld deg inn i Geoforum Hordaland (460 kr/år ordinær og halv pris for student) og delta gratis

Medlemmer i Geoforum Sogn og fjordane vil også få delta gratis.

Deltakaravgift:

  • Medlem og studentmedlem: kr 0,-
  • Ikkje-medlem: kr 990,-
  • Student, ikkje-medlem: kr 300,-
  • Komité/styremedlem i Hordaland og andre lokalavdelinger: kr 0,-

Prisene er inkl. mva på servering

 

Ettersom medlemsavgift er 460 kr og pris for ikkje-medlem er 990 kr får du med andre ord medlemskontingenten igjen over to gongar ved deltaking. Dette er sjøvlsagt i tillegg til rabattar på våre andre arrangement, samt alle dei andre medlemsfordelane.

 

PÅMELDINGSFRIST: 15. november kl 15.00

Annonser