Turistforeininga krev full «planvask» i norske kommunar

Turistforeininga krev full «planvask» i norske kommunar

Tekst: Håvard Nyhus. NRK

Ein ny rapport frå DNT viser for første gong korleis framtidige byggjeplanar kræsjar med friluftslivet.

Oversikta viser at 40 prosent av planane ligg i definerte friluftsområde. Det svarar til eit areal som er fem gonger så stort som Oslo kommune.

– Dette er alarmerande, og heilt høl i hue, seier Inger Lise Blyverket, generalsekretær i DNT.

Ho viser til at ansvaret for områda er «fordelt på så mange hender at det i praksis er fullstendig pulverisert.»

– Naturkrisa kjem av tallause vedtak i stat og kommune om å byggja i verdifull natur, seier ho.

– Bit for bit erstattar vi hundremeterskogar med næringsbygg, fjellnatur med kraftverk og strandsona med privathytter.

I første omgang etterlyser Turistforeininga to konkrete tiltak:

1. Nasjonal arealnøytralitet  innan 2030

2. Full planvask  i kommunane for å ta betre vare på natur- og friluftsliv

 

Les mer på NRK.no

 

Marie Aarberge fra DNT skal ha innlegg om rapporten på DOK fagdag den  7. september i regi av GeoForum Innlandet. Program og påmelding finner dere her:

Geoforum Innlandet: DOK fagdag og teknisk utviklingGeoForum

 

 

Annonser