Bjørnafjorden kommune søker oppmålingsingeniør

Arbeidsoppgåver

  • Oppmålingsforretningar etter matrikkellova og anna oppmålingsarbeid
  • Rettleiing av kundar

 

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning med eigedoms- og landmålingsfag
  • Eigedomsrett/tingsrett
  • Erfaring med bruk av GPS, totalstasjon og relevant geodatafagleg programvare
  • Tilleggsutdanning/kurs kan verta naudsynt grunna framtidig krav om autorisasjon
  • Erfaring frå kommunal oppmåling er ei føremon, men vi oppfordrer også nyutdanna til å søke.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Du arbeidar sjølvstendig, men har også gode samarbeidsevner
  • Du er strukturert, nøyaktig og har evne til å arbeida effektivt i ein travel kvardag
  • Du må like kombinasjonen av å arbeida ute og inne

Personlege eigenskapar vert vektlagd.

 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

 

Slik søkjer du

Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar. Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang. Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.

 

Arbeidsstad

Eining for kart og oppmåling i Bjørnafjorden kommune.

Om kommunen

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25 000 innbyggarar og er i sterk vekst. Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og – ikkje minst – gjere det vi seier

 

Annonser